Klart språk sparer kommunar for tid og pengar
Ved å vektlegge klart språk har Skedsmo kommune blant anna spart fem veker sakshandsamingstid på tildeling av omsorgsbustad. Faksimile Romerikes Blad. 

Klart språk sparer kommunar for tid og pengar

Kommunane kan spare både tid og store pengar på å forenkle språkbruken i brev til innbyggjarane. No kan kommunane i vest bli med på KS si storsatsing "Klart språk i kommunesektoren". Første høve er allereie grunnkurset 9.-10. desember!

- Å endre språkbruken i skriftleg materiale bidreg ikkje berre til at kommunane sparer tid og pengar, det aukar og tilliten til heile demokratiet vårt, seier Anna Holm Vågsland, rådgjevar og ansvarleg for klarspråk-satsinga i KS. 

Kvifor klart språk?
Ved å forenkle språket har Skedsmo kommune gjort seg betre forstått for innbyggjarane sine. Kommunen har mellom anna bytt ut fleire tungleste og upersonlege brev fulle av lover og paragrafar med oversiktlege og imøtekomande brev som innbyggjarane forstår. Kommunen unngår med dette mange telefonar frå folk som ikkje skjønar kva som står i dei ulike breva. Ved å forenkle språket har Skedsmo kommune til dømes også spart fem veker sakshandsamingstid på tildeling av omsorgsbustad. 

Enklare å forstå
Fleire andre kommunar har lenge jobba målretta med klarspråkarbeid. Både i Oslo og i Stavanger har dei oppdaga dei gode effektane av å endre språket. Plan- og bygningsetaten i Oslo hevdar at dei har gått fra 3-5 henvendelsar pr. medarbeidar pr. dag til 3-5 i veka etter å ha gått gjennom alle breva sine. I Stavanger har kommunen bedt innbyggjarane om å uttale seg etter at dei endra språket i fleire standardbrev. 100% av tilbakemeldingane seier at dei nye versjonane var vesentleg enklare å forstå. 

Store pengar å spare
Ulike etatar har også arbeidd med klarspråk og oppnådd gode resultat. Vegvesenet har til dømes spart 1,2 millionar kroner i porto og papir på å forenkle nokre av sine brev.

Før var brevet så negativt - du lurte med ein gong på kva du hadde gjort gale. Innbyggjar i Stavanger

Vil du lære meir om kva klarspråk er?
KS si storsatsing på klarspråk i kommunesektoren er i gang, og vi startar med å heve kompetansen gjennom regionale grunnkurs. Vil du lære korleis din (fylkes-)kommune kan jobbe med klarspråk? Då har du høve allereie 9.-10. desember: då arrangerer vi grunnkurs i klart språk i region vest. I løpet av to intensive og nyttige dagar i Bergen skal du bli tryggare på klarspråk som fagfelt og få eit bilete av korleis din (fylkes-)kommune kan organisere eit vellukka klarspråkprosjekt.

Nettverk
Gjennom deltaking på grunnkurset blir du også kjend med kollegaer i andre (fylkes)kommunar som skal i gang med klarspråkarbeid. De lærer saman på kursdagane og blir del av eit nettverk som kan samarbeide og dele erfaringar i det vidare klarspråkarbeidet i kommunesektoren.

 

Overskrifta er venleg og høfleg. Den andre var skremmande. Innbyggjar i Stavanger

Kurset passar for deg som ser verdien av klart språk
Kurset er retta mot deg som har lyst til å setje i gang med klarspråkarbeid i (fylkes-)kommunen der du jobbar, og som treng meir kunnskap om kva klarspråk er, korleis du praktiserer det, og kva som skal til for å kome i gang med klarspråk. Du kan vere leiar, kommunikasjonsmedarbeidar eller fagperson innafor eit bestemt område - det viktigaste er at du er motivert for å kome i gang med klarspråk.

Ønskjer du å vere med? 

Meir informasjon og påmeldingsside finn du her.

Praktisk informasjonTid: 09. des - kl 10.30 til 10. des - kl 14.00
Adresse: Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, 5254 Bergen

Anna Holm Vågsland

Anna Holm Vågsland

Prosjektleder for programmet Klart språk i kommunesektoren