Enkelt språk gjer innbyggjarane fornøgde
Askøy kommune ønskjer å uttrykkje seg klarare for at innbyggjarane skal forstå dei betre. Frå venstre Iris Bjørnseth og Dag Folkestad. Foto: Anne-Karin Løken.

Enkelt språk gjer innbyggjarane fornøgde

- Målet er at brukarane blir meir fornøgde. Det i seg sjølv inspirerer til å drive eit språkarbeid i kommunen. Fornøgde innbyggjarar er viktig for oss, seier leiarar i Askøy kommune som denne veka var på kurs for å lære meir om enklare språk. 

Om lag tretti språkinteresserte kommunetilsette var samla i Bergen for å kome i gang med klarspråksarbeid. «Klart språk i kommunesektoren» er ei satsing frå KS, og denne veka møtte deltakarar frå fleire vestlandskommunar på kurs. Målet er at deltakarane skal lære meir om korleis kommunen kan gjere kommunikasjonen med innbyggjarane enklare.  

Fann ingen språkplan
Nytilsett kommunikasjonssjef i Askøy kommune, Dag Folkestad, såg etter ein språkplan då han tok til i jobben i juni. Dette fann han ikkje. Andre kollegaer hadde også tenkt at det burde vore gjort noko med språket i kommunen, utan at tankane hadde blitt sette i system. Då kommunen fekk ny rådmann i oktober, tok ting til å skje.

– Rådmannen kom med eit KS-blad, der det stod om klarspråksarbeidet i Stavanger, fortel Dag. Dermed var dei i gang. Då rådmannen ga klarsignal om at Askøy kommune skulle starte eit språkarbeid, var det naturleg å melde seg på grunnkurset i Bergen.

Klarspråk er å tenkje teksten som ei samtale. Vidar Lynghammar


Dårleg språk gir meirarbeid
Bakgrunnen for klarspråksatsinga er at ein stor del av norske innbyggjarar ikkje forstår innhaldet i offentleg informasjon. Dette har fleire uheldige sider. Blant anna fører det til auka kostnader og meirarbeid for kommunane, der dei i staden skulle brukt tid og ressursar på gode tenester til innbyggjarane. Dårleg språk kan også svekke tilliten innbyggjarane skal ha til kommunen. I tillegg skapar det avstand, gjer sakshandsamingstida lenger, det fører til mistydingar og i verste fall også feilvurderingar.

KS har sett søkjelyset på dette, og arrangerer i desse dagar grunnkurset «Klart språk i kommunesektoren» fleire stader i landet.

De treng ikkje å vere i dialog med folk. Det held lenge å snakke med dei. Jan Olav Fretland

Innsparingar
Vidar Lynghammar og Karolina Netland frå NTB Arkitekst er kurseleiarar for KS-satsinga. Saman med Kristin Høie Walstad og Anna Holm Vågsland i KS har dei skreddarsydd eit kursopplegg som gir eit godt utgangspunkt for å setje i gang eit språkarbeid heime i eigen kommune, anten temaet er kjent eller heilt nytt for kursdeltakarane.

KS og NTB Arkitekst tilbyr skreddarsydd språkkurs. Her frå klarspråkskurs i Hordaland. Frå venstre Kristin Høie Walstad, KS/Stavanger kommune, Karolina Netland, NTB Arkitekst, Anna Holm Vågsland, KS og Vidar Lynghammar, NTB Arkitekst. Foto: Anne-Karin Løken.


I tillegg fekk deltakarane møte Kristin Høie Walstad, som i tre år har arbeidd med klarspråk i Stavanger kommune. I Stavanger har kommunen jobba systematisk, og kan etter kvart sjå gode resultat av betra språkbruk. Kommunen får færre telefonar frå folk som ikkje forstår breva som blir sende ut, og brukartestingar syner at innbyggjarane tykkjer tekstane er blitt mykje betre.   

Forankring er viktig
Vidar og Karolina påpeika mange viktige moment når eldsjeler i kommunen skal få i gang eit slikt arbeid. Forankring er eit nøkkelord, og ikkje berre i toppleiinga. – Det er ekstremt viktig å få med mellomleiarane, understrekar Vidar. Dette blir støtta av Kristin Høie Walstad, som sjølv har erfart kor viktig dette er for at prosjektet skal kome i gang. – Det er mellomleiarane som skal skaffe ressursane og setje av tid til språkarbeidet i si avdeling, forklarer ho.

Klarspråkentusiastar drøftar innvikla tekstar. Foto: Anne-Karin Løken.

Vidar framhevar også nytten av å knyte klarspråksarbeidet til andre prosessar i kommunen, som omorganisering, innføring av nye system eller liknande. - Sørg for brukarinvolvering internt og eksternt, skap merksemd og entusiasme og synleggjer suksessar, er gode råd frå Lynghammar.
- Dette skal ikkje vere eit internt, lite prosjekt for språkinteresserte.

Språkskodde
Jan Olav Fretland, forfattar og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, var også innom kurset med nokre velvalde ord til forsamlinga. Han hadde klare meiningar om språkskodda som mange byråkratar hamnar i, og la fram bodskapen sin med humor og snert.  – De treng ikkje vere i dialog med folk. Det held lenge å snakke med dei. 

Stor nytte av å dele med kvarandre
Fordelen med klarspråksarbeidet i kommunal sektor er at tekstane som blir utforma kan nyttast av mange.  – Kommunane over heile landet har mange av dei same oppgåvene, og har behov for dei same tekstane. Til dømes søknad om barnehageplass – dette er skriv som alle kommunar sender ut kvart år. Deling av slike dokument er veldig smart, forklarer Anna Holm Vågsland i KS. Etter kvart vil KS etablere ein tekstbase der kommunane kan hente malar og dokument til eige bruk.

Deltakarane på grunnkurset vart oppmoda om å lære av, og dele med andre kommunar. Eit mål med grunnkursa er å etablere nettverk mellom kommunane. Det er mange måtar å gjere ting på – rådet er å bruke kvarandre.

Ønskjer å få med heile kommunen
Laine Tangen frå Klepp var åleine frå sin kommune på kurset. Ho er økonomikonsulent og har dagleg i oppgåve å samordne tekstar frå ulike kollegaer i kommunen. Dette byr på utfordringar når ho skal ha ein enkel og forståeleg, og samtidig korrekt tekst ut i andre enden.

Laine Tangen ønskjer å få med seg fleire frå Klepp kommune i eit klarspråkarbeid. Foto: Anne-Karin Løken.

– Eg fekk e-post av kommunalsjefen om eg hadde lyst til å melde meg på kurset, fortel Laine. – Det skal bli kjekt å kome tilbake og fortelje om kva eg har lært. Eg vil prøve å få fleire frå kommunen til å delta på grunnkurset som skal vere i Stavanger til våren, forklarer ho. Laine vil forsøke å få fleire med seg, i håp om å få til eit prosjekt. – Men eg greier det ikkje åleine. Eg skal gjerne vere pådrivar, men treng fleire med meg, gjerne ein sentral person som kan dra prosjektet. Målet er å få prosjektet forankra i leiinga og at vi får med heile kommunen til sjuande og sist.

Det er mykje språkmakt hos saksbehandlaren. Kristin Høie Walstad

Fornøgde brukarar er viktig
Iris Bjørnseth er seksonsleiar innafor plan og byggesak i Askøy. Saman med kommunikasjonssjefen og to andre kollegaer deltok ho på kurset i Bergen. Iris og kollegaene ønskjer å få i stand ei arbeidsgruppe på tvers i organisasjonen, slik at alle avdelingane ser nytten av språkarbeidet.

Deltakarane frå Askøy hadde godt utbyte av to dagar med kollegaer på kurset. – Eg synest det var eit veldig bra og inspirerande kurs! Eg hadde ikkje så store forventningar, sidan det er litt ukjent mark – men kurset ga absolutt påfyll nok til at dette er noko eg har lyst til å jobbe med i Askøy kommune, seier Dag. – Det var fint å møte andre kommunar rundt oss som er i same situasjon og som har dei same tekstutfordringane.

- Kva er målet dykkar med denne satsinga i Askøy?

- Vi vil spare både økonomisk og når det gjeld ressursar om vi lykkast med prosjektet, påpeikar Iris. - Målet er at brukarane blir meir fornøgde. Det i seg sjølv inspirerer til å drive eit slikt arbeid. Fornøgde innbyggjarar er viktig for oss.

 

Videre lesning