Høyringsuttale: Kommunevåpen og kommuneflagg
Regjeringen foreslår endringer i regelverket om kommunevåpen og kommuneflagg. Foto: Wikimedia

Høyringsuttale: Kommunevåpen og kommuneflagg

KS meiner det er positivt at avgjerda omkring kommunevåpen og kommuneflagg, som har betyding for kommunanes identitet og profil, vert lagt så nær innbyggjarane som mulig. KS har difor ingen merknader. Les heile uttalen under.

Høyringsuttale - Forenkling av regelverket for kommunevåpen og kommuneflagg

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sende 14.12.16 ut eit høyringsnotat med forslag om endringar i lov om flagging på kommunens offentlege bygningar, godkjenning av kommunevåpen og lovforslag til ny kommunelov.

Gjeldande rett
I dag slår lova om flagging på kommunens offentlege bygningar fast at kommunane bare kan bruke det norske flagget utan splitt og tunge, det samiske flagget og «kommune- eller fylkesflagg som er godkjent av Kongen» «bygningar med tilhøyrande grunn som kommunen rår over som eiger, leiger eller liknande og som hovudsakleg brukast i samband med kommunens offentlege oppgåver eller av kommunale institusjonar».

Brot på lova kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre månader, men lova har ikkje vore handheve strengt. Lova har si bakgrunn i dei politiske motsetjingane i Noreg på 1930-talet. Føremålet var å hindre at kommunale bygningar vart brukt til politiske markeringar. Lova krev at kommuneflagg som skal nyttast på kommunens offentlege bygningar mv. må godkjennast av Kongen, men regulerer ikkje godkjenningsordninga nærmare. Ordlyden nemner ikkje kommunevåpen, men sidan desse i praksis nyttast som motiv i kommuneflaggane har gjeldande praksis vore at også sjølve kommunevåpenet har blitt godkjent av Kongen.

Når det gjeld dagens ordning for godkjenning av kommunevåpen, er ikkje denne lov- eller forskriftsfesta, men basert på langvarig forvaltningspraksis sidan 1898. Praksisen inneber at Arkivverket både fungerer som rådgjevande instans for kommunane i samband med å forme ut nytt våpen og gjev ein rådgjevande uttale til departementet før kommunevåpen og kommuneflagg vert fastsett av Kongen i statsråd. Sjølv om Arkivverkets rådgjeving ikkje er formelt bindande, finn ein ikkje eksempel på søknader der Arkivverkets rådgjeving ikkje er etterlevd.

Departementets vurdering
Omsynet til det kommunale sjølvstyret tilseier at kompetansen til å fastsetje kommunevåpen, segl og fylkesvåpen bør ligge hos den enkelte kommune og fylkeskommune. Utforminga av kommunevåpen handlar om identitetsbygging og profil som er særlig viktig i samband med kommunesamanslåingar. Departementet meiner difor at dette er eit område som kommunane bør ha kompetanse til å styre sjølve.

Det kan ventast at omfanget av søknader om kommunevåpen vil auke i samband med kommunereforma. Å leggje kompetansen til den enkelte kommunen vil bidra til å avlaste både kommunane og regjeringa i samband med kommunereforma.

Lov om flagging frå 1933 var ein reaksjon på nokre få tilfelle av raude flagg på 1.mai på sentrale flaggstenger på enkelte steder i landet. Departementet meiner at situasjonen i dag er annleis enn situasjonen på 1930-talet. Departementet legg til grunn at enkeltståande tilfelle av kontroversiell flagging, vil bli debattert i den enkelte kommune og eventuelt bli gjenstand for reaksjonar lokalt. Opphevinga inneber at kommunane har høve til å flagge med andre symbol enn kommunevåpenet og andre typar flagg i samband med spesielle hendingar.

Det sentrale med endringa er at skjønnsprøvinga kan skje i den enkelte kommune, og at det ikkje vert lagt avgrensingar for flagging frå kommunanes eigne bygningar gjennom eit nasjonalt regelverk.

Vidare kan ikkje departementet sjå at estetiske omsyn tilseier at det er nødvendig med offentlegrettslege reglar om utforming av kommunevåpen. Det vises blant anna til at dei andre nordiske landa gjennomgåande har ein noko meir liberal praksis for utforming av kommunevåpen. Departementet meiner difor at det ikkje eksisterer nokon nasjonale omsyn som tilseier at det bør fastsetjast nærmare offentlegrettslege regler for å avgrense kommunanes fridom til å utforme eigne kommunevåpen.

Sjølv om kommunevåpenet blir vedtatt av kommunestyret eller fylkestinget, vil det framleis reknast som eit «offentleg våpen» etter vedtektene i straffelova, varemerkelova og designlova. Våpenet vil difor ha same vern som i dag mot å bli registrert som varemerke eller som design av kommersielle aktørar, og mot på annen måte å nyttast utan kommunens tillating.

Departementet antar at det er svært lite sannsynleg at ein kommune fastset og nytter eit kommunevåpen som er eigna til å blandast saman med eit eldre kommunevåpen, ettersom kommunen vil ha eigeninteresse av å unngå forveksling. Å eventuelt opprette ei statleg kontroll- og registreringsordning står fram som eit unødvendig ressurskrevjande og kostbart krav. Ei langt meir kostnadseffektiv løysing vil være at det i kommunelova vert fastsatt eit krav om at kommunevåpenet må være «unikt og ikkje eigne seg til å forveksle med eksisterande våpen eller segl».

Dersom lovforslaget blir vedtatt, kan kommunar som arbeider med samanslåingar basere seg på ein forenkla prosess for utarbeiding og godkjenning av kommunevåpen. Departementet tar sikte på å fremme eit forslag til ny kommunelov for Stortinget, slik at den nye lova kan tre i kraft i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019.

KS' vurdering
KS meiner det er positivt at avgjerda omkring kommunevåpen og kommuneflagg, som har betyding for kommunanes identitet og profil, vert lagt så nær innbyggjarane som mulig. KS støttar lovforslaget.

Gjertrud Strand Sanderød

Gjertrud Strand Sanderød

Rådgiver - lokaldemokrati og styring