FKPs Etiske plattform for planleggere

Ny etisk plattform førebur planleggarar på både vanlege og vanskelege val

Medlem i Forum for kommunal planlegging (FKP) erfarer endringar i norsk planlegging og planleggarrolla. Blant anna er dette omtalt i FKP sitt arbeidsprogram for 2014-2015. Overgangen til den nye plan- og bygningslova, auka bruk av utbyggingsavtalar og auka grad av privat-offentleg samarbeid bidreg til nokon av desse endringane. Ei arbeidsgruppe vart derfor etablert hausten 2015 for å gå gjennom og vurdera behovet for justeringar i FKP sin etiske plattform frå 2008.

Petter Hermansen tok ansvar for å organisera og strukturera arbeidet. I løpet av to arbeidsmøter drøfta og problematiserte arbeidsgruppa tema som planfaget, samfunnsoppdraget, fagpersonen og etiske problemstillingar. Eit moment ved den føregåande etiske plattforma var gjerne at etiske prinsipp i planfaget og faglige krav til planleggaren vart samanblanda. Då arbeidsgruppa arbeida fram den nye plattforma, har ein særleg vektlagt å revurdera denne blandinga. I dette arbeidet har Terje Kleven sin lange erfaring og analytiske evner vore eit særskild verdifullt bidrag.

Å ha ein relevant etisk plattform for planleggarar fremjar kompetanse og kvalitet i samfunnsplanlegginga. Plattformen viser kva som er etisk (moralsk) forsvarlig framgangsmåte i situasjonar kor planleggaren sin yrkessituasjon blir konfliktfull, eller kor hennar/hans rolle som fagperson vert utfordra av spesifikke interesser og/eller maktkonstellasjonar. Ein felles etisk plattform for planleggarar vil såleis vere eit verktøy i vanlege og vanskelege situasjonar der planleggaren kan koma i konflikt med profesjonen sine fagetiske normer.

 

Arbeidet med ny etisk plattform vart løfta fram på den årlige plankonferansen til FKP på Fornebu i februar 2016. Øyvind Sørlie tok over stafettpinnen og leia arbeidsgruppa etter nyttår. Eit siste, oppsummerande møte i etterkant konkluderte med ny struktur og innhald. Plattforma fant forma ved å overordna plassera demokrati, legalitet og kunnskap som pilarar for dei grunnleggande verdiane i planlegginga. Underordna er dei moralske retningslinjene, som er del av ansvaret til planleggaren, strukturert i tre kontaktflater: i møte med dei folkevalde, i møte med innbyggarar og andre partar, og i møte med fagkollegaer og andre profesjonar.

 

KS sitt Eitkkutval fatta interesse for arbeidet i 2016 og inviterte FKP til å informera om plattforma. Kent Håkull orienterte utvalet i november og drøfta der etiske utfordringar i planlegginga. Den etiske plattforma legg til grunn behovet for grunnleggande utdanning i planteori, metode og bruk av planfaglege verkemiddel. Den etiske utfordringa ligg i moglegheita til at planprosessen kan verte utnytta til å legitimera ein udemokratisk prosess og framtidige tiltak med konsekvensar som ikkje er berekraftige. Mangel på etisk grunnlag i planlegginga kan resultera i ein strukturell undergraving av retten til medverknad, vedvarande mangel på kritisk vurdering av dei mange omsyn og interesser i kvart planområde, og mangelfull vurdering av negative konsekvensar til fordel for kreftene som ønsker gjennomslag for sine særinteresser. Dette er eit tema som gjerne får mindre merksemd enn til dømes korrupsjon i byggenæringa.

 

Forum for kommunal planlegging vonar at den etiske plattforma legg til rette for at planleggarar er medveten samfunnsansvaret sitt, og at dette vert uttrykt i handling. Me oppmodar alle planleggarar at plakaten vert gjort tilgjengeleg på arbeidsplassen, til påminning og inspirasjon for drøfting og refleksjon, og er eit grunnlag for vidareutvikling både på individ- og organisasjonsnivå.

 

 

Arbeidsgruppa til FKP for ny etisk plattform:

Petter Hermansen, Rådhuset Vingelen

Øyvind Sørlie, Gran kommune

Terje Kleven, pensjonert/ tidlegare Norsk Institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Grethe Salvesvold, Sekretariatet for Osloregionen

Mette Heidi Kirksæther, Asker og Bærum Boligbyggelag

Håkon Randal, Karmøy kommune

Kent G. Dagsland Håkull, Haugesund kommune