Kva kan vi lære om nyskaping frå utkantregionar i Europa?

Sogn og Fjordane hentar idear til rurale innovasjonsnettverk.


Lars Hustveit, fagkoordinator i nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommunen arbeider i tida april-desember 2016 i Bryssel. Hustveit hospiterer hos Euromontana der Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem, men har og hatt  kontorplass hos KS i Brussel. Hustveit er ansvarleg for ein søknad til Interreg Europe om rurale innovasjonsnettverk, som no har fått  positivt vedtak. Vi har spurt Hustveit om prosjektet og røynsler som kan vere interessante for fleire.

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk 5. oktober tilslag på ein søknad om midlar frå Interreg Europe til ei prosjekt over 4,5 år for å styrke arbeidet med nyskaping i utkantsamfunn. Prosjektet har tittelen «Policies to improve rural areas' innovation systems by professionalising networking activities and use of innovation tools (P-IRIS)». Partnarane våre kjem frå Mellomste Østerbotten i Finland, Burgos i Spania, Heart of Slovenia, Milano i Italia og Primorje Gorski Kotar frå Kroatia

Kunnskapsdeling som grunnlag for innovasjon
Prosjektet vårt handlar om kunnskapsdeling som grunnlag for innovasjon.  Høgskular og universitet, bedrifter og det offentlege verkemiddelapparatet må arbeide godt saman. Evna til slikt samarbeid vert stadig viktigare etter kvart som produksjon og produkt vert meir og meir kunnskapsintensive. Skal vi bygge eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane, må vi bli gode arenabyggrar. Ny teknologi for samarbeid over avstand og den yngre generasjonen sine røynsler med å arbeide i nettverk, må nyttast som grunnlag for nytenking og omstilling.  Derfor er prosjektet utvikla.

Partnarane vil arbeide med kreative og kunnskapsintensive næringar.  I Sogn og Fjordane er derfor næringshagane og inkubatorane og tilsvarande nettverk viktige medspelarar i arbeidet.  Testfasilitetane som vert utvikla ved Tech Yard i Førde er god praksis som vi vil vise fram.

Gjennom Interreg Europe prosjektet får vi impulsar ved å studere røynsler i andre utkantsamfunn.  Partnarane er samde om at vi ikkje skal kopiere modellar utvikla i dei store universitetsbyane.  Vi snakkar derfor ikkje om «klynger».  Vi snakkar om rurale innovasjonsnettverk. Verkemiddelapparatet må bli gode i vår rolle; som ressurspersonar for å initiere, utvikle og omstille kommersielt retta nettverk.

Forbetre regionale styresmakter si evne til å gjennomføre planar
Interreg Europe har i denne perioden som hovudsiktemål å forbetre regionale styresmakter si evne til å gjennomføre planar.  Effekten av dei økonomiske utviklingsfonda skal forsterkast ved at partnarane i utviklingsarbeidet arbeider smartare. Utviklingsarbeidet kan profesjonaliserast.

 Det 4-trinna prosjektdesignet er slik:

  • Kvar partnar kartlegg og dokumenterer god praksis hos seg, slik at dei andre kan lære.
  • Vi besøkjer kvarandre; ser på gode løysingar og diskuterer føresetnader for å overføre lærdom.
  • Kvar partnar lagar sin plan for å ta i bruk det vi har lært.  I fellesskap vil vi lage ei verktøykasse for rurale innovasjonsnettverk.
  • Partnarane brukar dei to siste åra til å setje ut i livet dei forbetringstiltaka dei kvar for seg har komme fram til.

Det er lærdom å hente om korleis samarbeidsprosjekt vert designa i Interreg Europe:

  • Utgangspunktet er planar i kvar region og trong for forbetring i gjennomføringsfasen.
  • Vi finn så felles utfordringar vi vil arbeide med. Søknaden må slik bli utvikla «nedanfrå og opp». 
  • Det vi kjem fram til i prosjektet vert ikkje lagt i ei skuffe og gløymt.  Det er ein obligatorisk 2 års sluttfase der lærdom skal takast i bruk.

Som leiar av prosjektet vil Sogn og Fjordane få tilgang til den felles læringa som føregår i Interreg Europe innan temaet forsking og innovasjon.  Impulsane vi får, er like viktige som dei pengane vi får tak i gjennom Interreg-programmet.

 Lars Hustveit

Kontakt:

Lars Hustveit (lars.hustveit@sfj.no