– Vi må få tillit for å utvikle gode løysingar
KS skal finne fellesnemnarar og stake ut ei retning som flokken vil ha, skriv leiarene i KS Oppland og KS Hedmark. Foto: KS.

– Vi må få tillit for å utvikle gode løysingar

Sentralisering gjev kommunane og fylkeskommunane utfordringar, skriv leiarene i KS Oppland og KS Hedmark.

Innlegget stod på trykk i Gudbrandsdølen Dagningen 18. september.

Av leiar i KS Oppland, Aud Hove, og leiar i KS Hedmark, Lise Selnes, .

KS er kommunane og fylkeskommunane sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon som skal jobbe opp mot Storting og Regjering for å få dei beste løysingane for kvar enkelt av oss.

Oppland og Hedmark er to store fylke som betyr noko og vi må vise og fronte kva vi vil og kva som er best for oss.

KS har utarbeidd eit hefte for stortingsperioden 2017-2021, «Grunnlag for tillit - nasjonale utfordringar - lokale løysingar». Der blir det peikt på at det kjem til å bli strammare offentlege finansar, klimaendringar vil påverke oss, vi treng større arbeidsdeltaking og for å lykkast må det vere tillit til demokratiet.

"Ikkje ver eit 1-tall på jorda"
Per Fugelli sa «Ikkje ver eit 1-tall på jorda, men bry deg om flokken din». For å møte utfordringar kan ikkje einarane sitje og bestemme kva som er best for flokken, verken på lokalt, regionalt eller statleg nivå. Derfor er demokratiet så avgjerande og derfor er ein organisasjon som KS så viktig. Denne organisasjonen blir aldri betre enn det kvar enkelt einar gjer den til, og klarar vi å gå i flokk får vi til dei løysingane og endringane vi treng og vil ha.

Alle, uavhengig av kor stor eller liten kommune, by eller kva distrikt ein bur i, må ta inn over seg at vi treng endringar, men samtidig må dei endringane skje på dei premissane som har fotfeste i lokalmiljøa. Likevel må vi finne nokre fellesnemnarar og stake ut ei retning som flokken vil ha. Vi må ha rom for at det er litt ulike løysingar på kanskje litt ulike behov og utfordringar utifrå kvar i det geografiske landskapet den enkelte bur.'

Både byar og distrikt har utfordringar i horisonten med klimaendringar som tvingar fram ei omstilling til eit lågutsleppsamfunn. Det blir fleire eldre, og færre yngre veks til som kan jobbe innanfor omsorgsyrker som trengs for å møte eldrebølga.

Sentralisering gjev oss utfordringar
Samtidig skjer det ei sentralisering som gjev oss utfordringar som gjer at vi må ta nokre val for kva retning vi vil gå. Dette kan gje oss moglegheiter og tvinge oss til å sjå etter andre løysingar og grep som kan gjere samfunnet vårt betre å leve og bu i.

I 2016 vedtok KS-landsstyre 6 prioriteringar for arbeid opp mot dei utfordringane som kommunane i landet har peikt på. Det er inkluderande folkestyre, berekraftig helse- og velferdstenester, inkluderande oppvekst, livskraftige byar, regionar og distrikt, sunn kommuneøkonomi og det å vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

Det blir ofte peikt på å ta i bruk ny teknologi, både innanfor det offentlege og i det private næringsliv. Da treng vi samtidig, eller helst i forkant, å legge til rette for at alle kan ta del i den teknologiutviklinga og digitaliseringa.

Oppland og Hedmark er nesten dårlegast i Norge når det gjeld breibandsdekning og det må vi få endra på om dette skal gje oss moglegheiter og kunne bli eit reiskap for utvikling i framtida.

Nasjonal detaljstyring beste løysing?
Stortinget skal legge rammene, men vi må få og ha tillit til at vi finn dei beste løysingane innanfor dei rammene. Spørsmålet blir om det er nasjonal detaljstyring som er beste løysinga totalt sett eller om kommunar og fylker får tillit og rom for å utvikle sine gode løysingar og satse på sine fortrinn. 

Det har vore og er mykje fokus på vekst, effektivisering og rasjonalisering. Men det er eit ord som aldri blir brukt når vi snakkar om samfunnsutvikling og mål for korleis vi vil ha det; balanse. Når ein balanserer, må ein alltid justere og korrigere for å halde den, men kanskje målet i seg sjølv burde vere balanse og ikkje berre einsidig fokus på vekst?

«Du så meg» er ein serie som går på NRK som handlar om å sjå eleven, ha respekt for enkeltmennesket, sjå kva ressursar som ligg i andre som nødvendigvis ikkje er så opp i dagen. Det må vi ta med oss i alle samanhengar for å få gode dialogar og resultat.

Å bli oversett eller ignorert er ingen god følelese for nokon og som fylkesleiarar i Oppland og Hedmark vil vi jobbe for demokratiske og inkluderande prosessar for å bygge våre kommunar og fylke for våre innbyggarar inn i ei god framtid.