Om tilsetjing av lærarstudentar
Om tilsetjing av lærarstudentar på føresetnad av fullført utdanning ved oppstart i stillinga. Foto: Shutterstock

Om tilsetjing av lærarstudentar

Kan kommunane gå til fast tilsetjing av lærarstudent med den føresetnaden at utdanninga er fullført på det tidspunkt ein tar til i lærarstillinga?

Den typiske situasjonen er at kommunen i vårsemesteret mottar søknad frå ein lærarstudent som har avsluttande eksamen til sommaren. Søknaden gjeld stilling med oppstart til hausten. Kommunen vil gjennomføra tilsetjing før sommaren.

KS er kjend med at Visma på sine nettsider viser til korrespondanse med Utdanningsdirektoratet, der Utdanningsdirektoratet skriv følgjande:
”Dere spør blant annet om de som snart er ferdig utdannet lærere kan tilsettes på lik linje med de som fyller kompetansekravene etter § 10-1. For å kunne tilsettes i en fast stilling for undervisning i skolen, må man ha fullført utdannelsen. Det er tidspunktet for vurderingen og tilsettingsvedtaket som er avgjørende, ikke tiltredelsestidspunktet. Hvis man velger å tilsette noen på vilkår om at eksamen f.eks. én måned senere bestås, så er det nettopp tilsetting på vilkår. Hvis tilsettingsprosessen derimot er etter at siste eksamen er bestått, så er vedkommende imidlertid ferdig utdannet og oppfyller tilsettingskravene i opplæringsloven § 10-1.”

Visma skriv vidare at KS har eit anna syn på dette spørsmålet.

KS forstår opplæringslova slik at § 10-1 lesen i samanheng med § 10-6 seier at det er ein føresetnad for fast tilsetjing at ein har fullført lærarutdanning. Opplæringslova seier ingenting om denne føresetnaden gjeld ved tidspunkt for tilsetjing eller ved tidspunkt for når ein tar til i stillinga.

 KS meiner det avgjerande tidspunktet er når ein tar til i stillinga. KS meiner dette standpunktet har støtte i ein dom frå Høgsterett avsagt i sak HR-2004-119-A. Høgsterett kom her til at reglane om oppseiing i arbeidsmiljølova først tok til å gjelda frå det tidspunktet arbeidstakaren tok til i stillinga. Fram til dette tidspunktet måtte ei heving av arbeidsavtalen avgjerast etter avtalerettslege reglar.

KS ser det slik at dersom lærarstudenten får fast tilsetjing på føresetnad av fullført eksamen til sommaren, vil kommunen vera bunden av denne avtalen dersom føresetnaden er oppfylt. Dersom studenten ikkje klarer eksamen, kan kommunen enten gå frå avtalen eller tilsetja vedkommande mellombels etter § 10-6. Dette siste alternativet berre dersom det ikkje er andre søkjarar som har lærarutdanning og som elles ikkje er ueigna for stillinga. Sjå meir om dette i dom frå Høgsterett i sak HR-2016-2229-A.

KS presiserer at det som er omtala her, ikkje er det same som tilsetjing på vilkår etter opplæringslova § 10-6a. Etter § 10-6a er det eit vilkår at det ikkje er andre søkjarar som fyller vilkåra for fast tilsetjing.

Ein lærarstudent som har avsluttande eksamen til sommaren, skal slik KS vurderer det, vurderast på lik linje med andre søkjarar som fyller vilkåra for fast tilsetjing etter opplæringslova § 10-1, dersom tidspunkt for oppstart i stillinga er etter at utdanninga er fullført.

Er det spørsmål til dette, kan advokat Frode Lauareid, KS Advokatene, kontaktast (sjå under artikkelen).