Fråsegn frå Landstinget: Lykkast kommunane - lykkast Noreg
Foto: Flickr

Fråsegn frå Landstinget: Lykkast kommunane - lykkast Noreg

Vi har alle eit felles ansvar for å inkludera flyktningar i vårt fellesskap.

All erfaring viser at kommunar som satsar langsiktig og målretta på kultur, bidrar til gode og opne lokalsamfunn med integrering, der offentlege, frivillige og private aktørar arbeider saman. Skal integreringa lykkast må alle bidra til tryggleik, fellesskap og trivsel, gjennom språkopplæring, utdanning og inkludering i lokalsamfunnet.

Status i dag

Utanforskap kan ramme alle, men dessverre veit vi at enkelte grupper er overrepresenterte. Noreg har etter kvart fått mange innbyggjarar med minoritetsbakgrunn. Dette er menneske vi som fellesskap skal gjere sitt beste for å inkludere. Hausten 2015 var i tillegg prega av ei sterk tilstrømming av flyktningar. 31 145 personar søkte om asyl i Noreg, og av desse var det 9 793 barn.

Dei største hindringane for god integrering er manglande evne til å meistre norsk, manglande utdanning, arbeid og/eller vanskar med å få godkjend utdanninga si i Noreg, lite nettverk og utfordrande familiesituasjonar.

Korleis bør framtida møtast?

I dag kan asylsøkarar som får tildelt opphald verta  sitjande over lang tid i ulike mottak før dei vert busett i ein kommune og startar den reelle integreringsprosessen. Dette er ikkje akseptabelt. For å hindra passivitet og lediggang meiner KS at integreringsprosessen må startast så tidleg som mogeleg. Opplæring i norsk og kartlegging av kompetanse bør starte allereie i mottak. Difor må kapasiteten til sakshandsaming hos UDI aukast.

Dei som får avslag på søknad om opphald må søkast å verta returnerte så raskt som praktisk mogeleg.

Busetjingsmodellen må endrast. I dag forhandlar staten og kommunane om busetjing av flyktningar ein gong i året. Det trengs meir langsiktig og føreseieleg planlegging ut over dei årlege avtalene i dag. Her bør ulike insentivordningar utreiast for kommunar som oppfyller langsiktige mål om busetjing og integrering. Det er avgjerande at den einskilde kommunen sin reelle situasjon og lokale vedtak vert vektlagd slik at kommunen kan tilpassa dette til lokale høve.

Deltaking i skule og arbeidsliv og god norskkunnskap er nøkkelen til god integrering. Arbeid gjev kjensle av å høyre til, fellesskap, nettverk og høve til å hjelpa seg sjølv. Det gjev også høve til å koma inn på den ordinære marknaden for bustader. 70 %  av kommunane melder at mangel på bustader er ei utfordring for busetjinga. Difor må Husbanken sine verkemiddel styrkast klart.

Å skape ein felles kulturell forståing og band til  norsk samfunn og kultur vil også sikre ein god integrering.

Kultur er nøkkelen til felles opplevingar og  fellesskap. Kulturlivet bør vera ein del av kommunane sitt arbeid med integreringa. Frivillig sektor er avgjerande for god integrering i lokalsamfunna. Frivillige enkeltpersoner, lag og organisasjonar bør motiverast til å gjera ein innsats både for asylsøkarar og personer som skal busetjast, fordi det bidreg til sosial inkludering. Kommunane skal stimulera til nær kontakt mellom frivillige lag og organisasjonar og dei nyleg komne innvandrarane

KS' landsting oppmodar kommunane og fylkeskommunane til å:

  • Tilby praksisplassar med integrert språkopplæring i eiga verksemd til personer i introduksjonsprogrammet.
  • Utnytta endå betre introduksjonsprogrammet sine moglegheiter til å legge til rette for ordinært arbeid som integreringsarena, gjerne med å gje delar av introduksjonsstønaden som lønstilskot.
  • Halda eit nivå på plassar for lærlingar som også gjev  innvandrarar som tek fagutdanning i kommunale fag eit høve til å verta kjend med kommunesektoren som arbeidsgjevarar.
  • Legge til rette for eit tettare samarbeid med frivillig sektor, både når det gjeld tilbod i asylmottak og tilbod til personer som skal busetjast.
  • Nytta etablerte kommunale arenaer, som til dømes kulturskular , idrettsanlegg og fritidsklubbar, til aktivitet og bygging av sosiale nettverk
  • Legge til rette for fagutdanning som er særleg lagt til rette for personer som har manglar i grunnutdanninga si frå andre land.
  • Styrke arbeidet med å utvikle haldningar som bygger opp under toleranse og respekt mellom menneske med ulik bakgrunn.

KS landsting venter at staten:

  • Startar opplæring i norsk og kartlegging av kompetanse allereie i mottak
  • Styrker insentiva i introduksjonsprogrammet til å kombinera arbeid og bruk av yrkesretta norskopplæring med opplæring i norsk samfunnsliv.
  • Legg betre til rette for at enkeltpersonar kan ta eit «hurtigspor» ut i aktivitet etter å ha stått på språk og samfunnsprøve, mellom anna gjennom økonomiske insentiv til dette.
  • Sikrar raskare og enklare godkjenning av utdanning som flyktningane har med seg.
  • Utnytte maksimalt EØS-regelverket sitt høve til å inngå direkte avtaler om drift av asylmottak med kommunar, utan anbodsprosessar.
  • Involverer kommunane sterkare ved etablering og nedlegging av mottak og omsorgssentra.
  • Stiller strengare krav til asylmottaka sin helse-, barnefaglege og psykososiale kompetanse
  • Opnar for langsiktige bindande avtaler om busetjing av flyktningar og stimulera dette gjennom økonomiske ordningar.
  • Legg til rette for at alle som vert busett frå mottak i størst mogeleg grad  vert busett i same eller nærliggande kommune.
  • Avviser framlegget om å gje staten mynde til å setja plan- og bygningsloven til side i krisesituasjonar. Kommunane har best skjønn til å vurdera ulike alternativ og til å kunne handla raskt.
  • Gjev kommunane 100% refusjon for busetjing av einslege mindreårige asylsøkarar
  • Styrker Husbanken sine rammevilkår ved:
  • Auka rammene til kjøp av utleigebustader/nye bustader
  • Auka rammene til statleg bustønad
  • Å  mjuka opp regelverket som sikrar auka fleksibilitet
  • Involverer kommunesektoren gjennom KS i nasjonal politikkutvikling som gjeld asylmottak og busetjing og integrering av flyktningar.
  • Dimensjonerer tilskotsordningane for å førebyggja og hindre ekstremisme i kommunane  slik at dei står i rimeleg høve til utfordringsbildet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Legg til rette for ei systematisk satsing for å få folk raskt ut i arbeid, i samarbeid med partane i arbeidslivet
  • Syter for at kommunane skal kunne tilby gratis kjernetid i barnehagar til barn i familiar som har fått opphald

KS landsting meiner at KS bør arbeida med:

  • Å bidra til å lage ein oversikt over kommunesektoren sine auka kostnader som er knytt til helse, tannhelse, skule, barnehage og barnevern m.m.
  • Å synleggjera konsekvensane for kommunane av asylmottak av asylsøkarar og busetjing/integrering overfor nasjonale styresmakter.
  • Å synleggjera trong for gode rammevilkår for kommunane sitt arbeid med busetjing/integrering, og for auka innverknad for kommunane ved etablering og nedlegging av mottak overfor staten.
  • Å utvikla vidare samarbeid med viktige nasjonale styresmaktorgan som UDI, IMDi, Husbanken, NAV og VOX, slik at tilboda deira til kommunane best møter faktiske behov.
  • Å spreia kunnskap og stimulera til utvikling og kvalitet gjennom kurs- og nettverksarbeid for og med kommunane og fylkeskommunane.
  • Å vera ein pådrivar overfor statlege styresmakter for å setja kommunane betre i stand til å førebyggja radikalisering og hindra valdeleg ekstremisme.
Helge Eide

Helge Eide

Områdedirektør Interessepolitikk