Røyrvik vil utvikle nasjonalparken som ressurs
- Vi må jobbe saman i heile kommunen og jobbe med styrkane våre i ein samanheng, for eksempel når det gjeld tettstadutvikling og utvikling i nasjonalparken, meiner ordførar i Røyrvik kommune, Hans Oskar Devik. Foto: Bjørn Åge Jenssen

Røyrvik vil utvikle nasjonalparken som ressurs

- Statusen vår som nasjonalparkkommune gir oss fortrinn som vi må bruke. Eg må seie at eg er gledeleg overraska over å kjenne at det er ein veldig god energi i rommet her no.

Det seier Hans Oskar Devik, ordførar i Røyrvik, etter at kommunestyret han leiar nett har gått gjennom KS sin nye modul i folkevaltprogrammet om verdiskaping med natur og kultur. Han kan fortelje om konkrete resultat frå samlinga.

- No legg vi fram ei sak til kommunestyret i mars-møtet. Framlegget er at vi bestemmer oss for å sette i gang jobben med å fylle kriteria som Miljødirektoratet har sett for at vi skal kunne ta i bruk den nye felles merkevaren og logoen for Norges nasjonalparker. Det handlar om å forankre og bruke kommuneplanen meir som verktøy, og å utvikle enda meir kompetanse. Måla er meir besøk, auka verdiskaping og betre vern til Røyrvik og til Børgefjell Nasjonalpark, fortel ordføraren.

Foto: Bjørn Åge Jenssen

Styrke i kompetanse
Samlinga gjorde det tydeleg at nettopp kompetanse er ein styrke i Røyrvik.

- Vi har eit veldig oppegåande fagmiljø rundt naturressursane våre her. Røyrvik har nasjonalparkforvaltaren for Børgefjell her i rådhuset. Fjellstyret og fjelloppsynet er også her. Ikkje minst har vi veldig gode reiselivsaktørar her. Det er ei god kraft, meiner Hans Oskar Devik.

Samhandling for stadutvikling
Ordføraren i Røyrvik er oppteken av å skape enda betre samhandling mellom kommunen, innbyggarane, reiseliv og anna næringsliv.

- Vi må jobbe saman i heile kommunen og jobbe med styrkane våre i ein samanheng, for eksempel når det gjeld tettstadutvikling og utvikling i nasjonalparken. Kanskje vil stadutviklinga i sentrum her bere mykje meir preg av at vi er ein nasjonalparkkommune om nokon år. No fekk vi i alle fall ein god start, oppsummerer Hans Oskar Devik.