Utdanningsprogrammet Den Gode Skuleeigar

19.12.2011

Send tips på e-post

Din e-postadresse:



Mottakerens e-postadresse

Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma. 

Melding

En lenke til artikkelen vil bli lagt til e-posten.



KS, Høgskulen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har invitert folkevalde- og administrative skuleeigarar med på utdanningsprogrammet “Den Gode Skuleeigar”.

Utdanningsprogram til aktive skuleeigarar

Alle kommunar og fylkeskommunar ønskjer å tilby ein grunnskule som er kjenneteikna av godt læringsmiljø og godt læringsutbyte, der elevane kan få utvikle seg både fagleg, kulturelt og sosialt. Ein aktiv skuleeigar som jobbar målretta og godt med utvikling av skulen spelar ei viktig rolle for elevane si læring.

KS, Høgskulen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ynskjer med dette å invitere folkevalde- og administrative skuleeigarar med på utdanningsprogrammet “Den Gode Skuleeigar”.

Utdanningsprogrammet inneheld ei rekkje førelesingar frå ressurspersonar frå ulike universitet og høgskular. Desse har forska på sentrale tema knytt til nasjonal og kommunal styring av skulen, skuleeigarrolla, skuleleiing og kva faktorar som er avgjerande for elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte. Det vert også  lagt opp til at deltakarane skal arbeide med vidareutvikling av styringsdialogen i eigen kommune/fylkeskommune både på samlingane og mellom samlingane.

Målgruppa for utdanningsprogrammet er utøvarar av skuleeigarrolla på politisk og administrativt nivå. Det vil seie folkevalde som ynskjer å auke kunnskapen om utfordringar og moglegheiter når det gjeld politisk styring av skulen, og rådmann/fylkesrådmann og tilsette i administrasjonen som har ansvar og oppgåver knytt til kommunen som skuleeigar. 

Etter at påmeldingsfristen gjekk ut, er 77 deltakarar påmelde, fordelt på 20 kommunar og fylkeskommunen.

Første samling er lagt til 1. – 2. februar 2012, og programmet for denne samlinga er no klart. Sjå lenke nedanfor.

Meir informasjon om Den Gode Skuleeigar finn du også nedanfor.



 
Bunntekst
  © KS
Ansvarlig redaktør:Jørn I. Baade
Tekniske problemer? webmaster@ks.no