Vedtak fra Landstinget: Uttalelser om lokaldemokrati og styring

14.02.2012

Send tips på e-post

Din e-postadresse:
 
 

Mottakerens e-postadresse
 
Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma. 

Melding

En lenke til artikkelen vil bli lagt til e-posten.



Landstinget har vedtatt tre uttalelser om lokaldemokrati og styring. De gjelder kommunegrensene, det folkevalgte demokratiet og lokal og regional utvikling.

Kommunegrensene kan endrast med gode lokale prosessar

Kommunestrukturen har vore stort sett stabil sidan 1978. Samstundes har oppgåvene til kommunane auka vesentleg, utan at kommunestrukturen i seg sjølv har hindra dette eller svekka kvaliteten på utføringa av oppgåvene. Nye samferdsleprosjekt som har redusert reisetida mellom kommunar har i liten grad påverka kommunetalet. Større endringar i folketal i kommunar og regioner, positivt eller negativt, har heller ikkje resultert i mange strukturendringar.

Les hele uttalelsen på lenken under.

 

Meir tillit til det lokale folkevalte demokratiet

Landstinget meiner det er positivt at Regjeringa i St.meld 12 (2011-12) Stat og kommune – styring og samspel, legg til grunn at den statlege styringa av kommunane og fylkeskommunane skal baserast på rammestyring, rettleiing og dialog, og at Regjeringa si politikk for styring og samhandling med kommunane skal baserast på gjensidig tillit. Landstinget oppmodar Stortinget til å følgja dette opp med meir konkrete og forpliktande tiltak når den skal handsama meldinga.

Les hele uttalelsen på lenken under.

 

Fornya kraft til lokal og regional utvikling

Kommunesektoren har viktige oppgåver som lokal og regional samfunnsutviklar innan næring, samferdsle, bustad, kultur, klima- og klimatilpassing, folkehelse med meir. Dette er viktige politikkområde med stor innverknad for innbyggjarane og for utviklinga av lokalsamfunn og regionar. Samferdsle og anna infrastruktur er avgjerande for næringsutvikling, utviding av regionar og utvikling av robuste arbeidsmarknadsregionar, og er såleis ein grunnleggjande premiss for lokal og regional utvikling. 

Staten har eit stort ansvar for rammevilkår for god samfunnsutvikling og for å sikra at ulike interesser frå statlege sektorstyresmakter vert koordinerte.

Les hele uttalelsen på lenken under.

  

 

 


 



 
Bunntekst
  © KS
Ansvarlig redaktør:Jørn I. Baade
Tekniske problemer? webmaster@ks.no