Ei plattform vil gi eit sams grunnlag å stå på, ho vil gi retning til arbeidet for å utvikle lokaldemokratiet og ho vil kunne gi ein standard å måle seg mot.
Plattforma skal få fram kjenneteikn ved godt lokaldemokrati. Kva som må til for å oppnå kjenneteikna (m.a. rammevilkår og ressursar), er arbeid som naturleg følgjer etter at det er semje om plattforma.
Plattforma skal være grunnlag for KS sitt arbeid med lokaldemokratiutvikling og for interessearbeid overfor staten, men den kan òg være eit verktøy for ein dialog om korleis lokaldemokratiet fungerer og kan utviklast i kommunane.
Plattforma er vedtatt av Hovedstyret.