Møre og Romsdal: Kurs for kommunar om landbruk og klima

Send tips på e-post

Din e-postadresse:
 
 

Mottakerens e-postadresse
 
Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma. 

Melding

En lenke til artikkelen vil bli lagt til e-posten.



Kurs for kommunar om landbruk og klima
 
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) tilbyr kommunane i Møre og Romsdal eit skreddarsydd kurs om landbruk og klima. Målet for kurset er at deltakarane skal verte betre i stand til å setje i verk konkrete og kostnadseffektive tiltak for klimaarbeidet i eigen kommune.

Mange kommunar har utarbeidd ein eigen klimaplan, men få av kommunane har kome langt i å fylle klimaplanen med konkrete tiltak. Også landbrukssektoren vil få krav om reduserte utslepp av klimagassar. På bakgrunn av dette er det behov for ny og oppdatert kompetanse  både når det gjeld korleis landbruket kan redusere klimautsleppa og korleis landbruket bør tilpassast eit endra klima.

Kurset består av tre samlingar i Molde våren og hausten 2010 og innlevering av ei prosjektoppgåve. Kurset er utvikla av sentrale fagfolk ved UMB og i Klima- og forureiningsdirektoratet.   

Gå inn på heimesida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Første samling: 1. og 2. juni 2010.



Når

01.06.2010 kl. 10:00 til 02.06.2010 kl. 15:00

Hvor

Quality Hotel Alexandra, Molde

 
Bunntekst
 
© KS
Om nettstedet
Epost nettredaktør: web-red@ks.no
Ansvarlig redaktør: Jørn Ivar Baade